Soningssenter med 96 plassar
Prosjektet omfatter utvikling av eit sonings- og kompetansesenter for Sunnmøre på Digernes i Skodje kommune, med eit samla planområde på omlag 270 dekar. Det første byggetrinnet til soningssenteret inkluderer plass til 96 soningsplassar, medan ein i seinare fase kan utvide til 140-180 plassar, med moglegheit for høgare utnytting ved behov. Bygginga skal føregå i fleire etappar, med modulbygg og klosterprinsippet som løysingsforslag. Tilhøyrande funksjonar som inngang/portbygg, administrasjon, aktivitetsbygg, overgangsbustader og parkering er planlagde, med parkering både i parkeringskjellar og på bakkenivå.
Regulert næringsareal med bru
I randsona av planområdet mot hovudvegen E39 er det regulert næingsareal for kombinasjon av industri, kontor og handel med plasskrevjande varer. Dette området utgjer rundt 77 dekar og opnar for etablering av verksemder som bilar, båtar, landbruksmaskinar og større byggevarer, men daglegvarehandel er ikkje tillate. Veg- og gangareal blir oppgradert med planfri kryssing (bru) over fylkesveg 661, fortau og sykkelvegar for å sikre trygg ferdsel og støtte opp under framtidig hovudsykkelnett mellom Ålesund og Skodje.
Vassforsyning og infrastruktur
Planområdet inkluderer også eit vassforsyningsanlegg med nytt høgdebasseng plassert på høgdedraget ved Bythaugen. Tilkomstveg til høgdebassenget blir tilpassa terrenget med skogsbilvegbstandard for minimal miljøinngrep. Infrastrukturkrav er pålagde, med oppgradering av eksisterande vegar og etablering av ny tilkomstveg for soningssenteret, inkludert opprusting av krysset mellom fylkesveg 110 og 661 for å handtere aukande trafikk. Parkering og støyreduserande tiltak må vere på plass før bruksløyve kan utstedes.
Valg av lokasjon og trafikk
Sunnmøre regionråd tok initiativ til prosjektet for å møte mangel på soningsplassar i regionen. Plasseringa på Digernes er vald med omsyn til tryggleik, god tilkomst for naudetatar, kollektivtilbod, og moglegheit for fagleg samspel mellom fengsel og friomsorg. Trafikkanalyser viser at den planlagde utbygginga vil gi auke i tungtrafikk, men inga kapasitetsproblematikk i vegnettet er venta som følge av tiltakene. Statens vegvesen har ikkje hatt merknader til dei trafikale vurderingane.
Trinnvis utbygging med miljøhensyn
Det er fastsette rekkjefølgjekrav for utbygging i etappar, der vegopparbeiding og kryssløysingar må gjennomførast parallelt med byggeaktivitet. Miljøomsyn blir ivaretekne gjennom terrengtilpassing i vegar og skjeringar, etablering av vegetasjonsskjerm og støyvoll mot E39, samt krav til avbøtande tiltak som sikrar funksjonalitet og tryggleik. Planen gir rom for fleksibilitet i vidare utforming og volum basert på behov som måtte oppstå i framtida.