Detaljregulering av bustadområde
Prosjektet omfatter detaljregulering av område mellom Feios kyrkje og Feios skule- og oppvekstsenter i Vik kommune. Føremålet er å legge til rette for nye bustadtomter, busetnad i eksisterande Rinde hyttefelt, og utviding av Feios skule og barnehage med nødvendige areal til bygg og uteaktivitetar. Planen inkluderer også etablering av eit mindre nytt bustadfelt sør for fylkesvegen med tre bustader, samt tilkomstvegar, gangvegnett og friområde knytt til området.
Tilrettelegging for bustad og parkering
Bygginga vert tilrettelagt for bustadar i både eksisterande hyttefelt og i nytt bustadfelt, der hovudfokus er på tilpassing til terrenget og omsyn til kulturmiljøet rundt kyrkja, som er eit freda anlegg. Skulen og barnehagen får romslegare byggegrenser for mulig utviding av barnehagebygg og utvida parkeringsareal, inkludert HC-parkeringsplassar. I tillegg er det lagt til rette for nye parkeringsplassar ved kyrkja og gravplassen, med om lag 18 plassar, plassert slik at dei ikkje påverkar kyrkja negativt, samt utviding av parkeringsplassen til skulen med plass for 20 bilar.
Trygge vegar og trafikkreguleringar
Planområdet omfattar også regulering av ulike vegar og teknisk infrastruktur. Tilkomstvegane, inkludert ny veg til bustadfeltet og eksisterande vegar i Rinde hyttefelt, er planlagde med omsyn til sikkerhet og tilpassa ulike kjøretøy som renovasjonsbil og utrykkingskjøretøy. For å redusere trafikk og risiko nær skule- og barnehageområdet, er det lagt opp til restriksjonar på bilbruk utanom HC-parkeringsplassar, og mjuke trafikantar vert prioritert med turveg langs fjorden istadenfor fortau ved fylkesvegen.
Friluftsområde og grøntstruktur
Det er lagt stor vekt på friluftsliv og miljø i planen. Friområda nord og vest for skuleområdet sikrar plassar for uteleik, badeplass, brygge og båtfeste, og skaper eit større, samanhengande grøntbelte langs strandsona. Planen legg også til rette for opparbeiding av leikeplass mellom nye bustader og gravplassen med vegetasjon og terrenghandsaming tilpassa omgivnadene. Ein ny gangveg skal knyte bustadområda til skule og kyrkje, og det er lagt opp til ein joggeløype/rundløype langs strandsona med stoppestad ved gravhaugen.
Omsyn til kultur og tryggleik
Gjennom omfattande utgreiingar med ansvarlege fagpersonar innan landskap, kulturminne, naturmangfald og risiko- og sårbarheitsanalyse, legg planen til rette for ei trygg, estetisk og funksjonell utbygging. Særskild merkast omsynet til verna kulturmiljø, tilpassa veg- og byggeplanar i krevjande terreng, og målet om å styrke Feios skule og barnehage som sentrale møteplassar i lokalsamfunnet.