75 nye bustader og naustområde
Prosjektet omfatter utarbeiding av detaljreguleringsplan for bustadområdet Digerneset-Remvika på vegne av OBOS Block Watne AS. Planen legger til rette for totalt 75 nye bueiningar, hovudsakleg lav, tett einebustad i kjede, samt tomannsbustader, seksmannsbustad og private tomter. Bygningsstrukturen sikrar gode sol- og utsiktsforhold for alle bustadane i området. I tillegg er det regulert naustområde med 7 eksisterande naust og rom for fleire nye, frittliggjande naust med bestemte høgde- og arealrestriksjonar.
146,5 daa med fleksibel infrastruktur
Planområdet er på totalt 146,5 daa og inneheld ulike føremål som bustader (frittliggjande og konsentrert småhusbusetnad), leik- og friområder, turvegar, naust, veg- og tekniske anlegg, energianlegg og avløps- og renovasjonsanlegg. Veg- og fortausløysingar er planlagt med omsyn til trafikktryggleik og bruk av eksisterande og ny vegstruktur. Parkeringsdekning er kravregulert, med fleksible løysingar som carportar, garasje eller felles parkeringsplassar, inkludert garasjekjellar til enkelte bustader.
Prioriterer offentlege og friluftsareal
Planen har eit sterkt fokus på offentlege og fellesareal med leikeplassar fordelt i fleire kvartal, turvegar med snarvegar, friområder tilrettelagt for rekreasjon og utsiktspunkt, samt friluftsområde med allmenn tilgang til sjø. Det er gjort tilpasningar for å unngå store private inngrep, spesielt i korrigering av fortau og tilkomstvegar. VA-infrastruktur inkluderer etablering av to kloakkpumpestasjonar, tilkopling til kommunalt renseanlegg, samt plassering av hydrantar for sløkkevatn.
Regulerte byggegrenser og utnytting
Byggegrenser og byggehøgder er regulert i tråd med gjeldande tekniske krav, med maksimal to etasjar og enkelte områder med tillat for tre etasjar på deler av byggegrunn. Grad av utnytting varierer frå 20-25 % for frittliggjande bustader til 40-50 % for konsentrerte bustadområder, og det er teke omsyn til tilpassing til terreng og eksisterande bygg.
Planarbeid mai 2020-juli 2023
Gjennomføringsperioden for planarbeidet har vore frå mai 2020 til juli 2023 med fleire revisjonar og høyringsrunder. Planen er til behandling i kommunen med mål om å sikre ei god, trygg og miljøvennleg utbygging som gir positive bidrag til bustadbehovet og allmenn friluftsbruk i området.