Regulering av fritidsbustadområde
Prosjektet omhandlar regulering av eit fritidsbustadområde ved Hondableikjå, Rolvsnes i Bømlo kommune. Plan-ID 201902 dekker eit område på om lag 13 dekar og legg til rette for bygging av 8 nye fritidsbustader. Området inkluderer òg kaianlegg, småbåtanlegg, trafikkområde og grøntareal, i tillegg til regulering av eksisterande anlegg og vegar. Ein viktig del av prosjektet er å sikre eksisterande tilkomstveg heilt ned til hovudkrysset ved Kvednavegen og Rolvsnesvegen, slik kommunen ønskjer.
Teknisk anlegg med minimal inngrep
Teknisk infrastruktur er stort sett etablert frå før i den nordlege delen av planområdet, medan det for dei tre søraste fritidsbustadane er nødvendig å prosjektere nytt teknisk anlegg. Det er tilstrekkeleg straum og fibertilkopling i området for å handtere denne utbygginga. Tomtene er for det meste tidlegare planert og fleire har tilknyting for tekniske anlegg. Utbygginga krev dermed berre begrensa landskapsinngrep, men enkelte fyllingar i sjø er planlagt for å sikre gode, estetiske løysningar i samsvar med eksisterande utbygging.
Tilpassing og utfylling i strandsona
Nokre av eigedomane som skal byggjast ut krev tilpassing i strandsona. Eigedom 76/27 har alt kaianlegg og er ferdig planert, medan eigedom 80 og 124 består av steinmassar som må fyllast noko ut i sjø for å gi plass til fritidsbustader med kai. I tillegg skal ein naturtomt på eigedom 76/53 opparbeidast som parkeringsplass med små terrenginngrep. Tiltak i strandsona vil medføre nokre negative verknadar som terrenginngrep og delvis privatisering, men det åpnes òg for fleire småbåtplassar og totalt 8 nye fritidsbustader, noko som vurderes som positivt for området.